Vilkår og betingelser

Generelle vilkår

Surnadal kommune har organisasjonsnummer 964 981 892. Postadressa vår er: Bårdshaugvegen 1, 6650 SURNADAL

Kontakt oss gjerne om nettbutikken: post@surnadal.kommune.no

Prisinformasjon

Alle prisar er oppgitt i norske kroner og er inklusiv meirverdiavgift i kassen. Totalkostnaden for kjøpet vil koma fram før bestillinga og inkluderer alle utgifter forbunde med kjøpet som utgifter til porto, frakt m.m.

Atterhald

Vi tek atterhald om eventuelle trykkfeil når det gjeld pris og informasjon om varer/tenester på sida. Ta kontakt med oss om du har spørsmål.

Sals- og leveringsvilkår

Ekspedering av ordrar

Standard leveringstid er 3-6 dagar. Alle ordrar vil i normale periodar bli pakka og sendt neste verkedag. I periodar med høg aktivitet, kan leveringstida bli noko forlenga. Du vil få ein e-post frå transportøren vår når bestillinga di er pakka og sendt.

Det kan ved feriar eller andre høgtider henda at lageret vårt er stengt for ein kortare periode.

Personopplysningar

Surnadal kommune behandlar persondata ifølgje «Lov om Personopplysninger». Opplysningar som kan knytast til deg som person, vil aldri bli gjort tilgjengeleg for andre verksemder eller bli kopla med andre eksterne register.

Kortinformasjon

«For gjennomføring av betaling er vi tilknytta Nets som leverandør av tenestene. Dette gir deg ei sikker, enkel og god løysing for betaling i nettbutikken vår. Betalingsopplysningane dine blir ikkje lagra hos oss.»

Sending

Varene våre blir sendt CPT i samsvar med Incoterms 2010. Ansvaret for varene blir overteke av kjøpar så snart varene er levert frå oss til transportfirmaet. Surnadal kommune står ikkje ansvarleg for transportskadar, og kjøpar må straks reklamere til transportfirmaet dersom slik skade har oppstått.

Retur og angrerett

Avbestilling

Dersom du ønskjer å avbestille ei vare, ta kontakt med oss så snart som muleg på: post@surnadal.kommune.no. Skriv om du ønskjer å bytte vara i eit anna produkt, eller om du ønskjer pengane tilbake, så behandlar vi saka di så snart vi kan.

Reklamasjon

Dersom det er ein mangel ved vara, må du innan rimeleg tid etter at du oppdaga den, gi Surnadal kommune, post@surnadal.kommune.no, beskjed om at du vil påberope deg mangelen. Vi vil da gi deg informasjon om kva du skal gjera vidare. Reglane om reklamasjon finst i «Lov om forbrukerkjøp».

Retur av varer

Ønskjer du å bytte ei vare, må du gi oss beskjed om dette seinast 14 dagar frå du fekk vara.

Angrerett

I følgje angrerettlova gjeld angrefristen frå den dagen kjøpar mottek vara og 14 dagar framover. Dersom du vil angre på kjøpet, returnerer du vara i same stand som du mottok den. Sjå utfyllande informasjon som følgjer med pakken din.

Trygg handel

Forbrukarkjøp er blant anna regulert i forbrukarkjøpslova, angrerettlova, marknadsføringslova, personalopplysningslova, e-handelslova og kredittkjøpslova.

 Sjå linkane nedanfor for fleire tips og råd.