Gå til innholdet

Bygdebøker for

Surnadal

Dei nye bygdebøkene fortel om folket som bur og har budd i noverande Surnadal kommune.
Kvar budde dei, kvar kom dei frå, og kvar vart det av dei som flytta ut?
Bøkene er rikt illustrert med kart og bilete frå ulike tidsperiodar.

Kjelder: Innhaldet i dei nye bygdebøkene for Surnadal byggjer på dei tidlegare bygdebøkene til Hans Hyldbakk: «Gards- og ættesoge for Surnadal» (3 band), «Heimar i Surnadal» (2 band), «Heimar og ætter i Stangvik» (3 band) og «Folk og heimar i Åsskard» (1 band). Hovudkjelda i arbeidet med den nye bygdeboka er kyrkjebøkene for noverande Surnadal kommune. Desse dekkjer tidsrommet 1750 til ca. 1925. I tillegg er også kyrkjebøker for Halsa bruka. Informasjon om tida etter 1925 er innhenta ved hjelp av m.a. spørjeskjema til husstandane. I tillegg er nye opplysningar om tida før 1750 henta frå m.a. skifte, manntal, skattelister og militærrullar.